1. mars inviterer vi deg som er nysgjerrig på jobb i Distrikts-Vestland til karrieremesse i Trondheim.

Klar for å oppdatere deg på arbeidslivet i Sogn og Fjordane & Hardanger?
1. mars kan du møte bedrifter frå Vestland på stand på Campus Gløshaugen. Med seg har dei ledige jobbar, traineestillingar, spennande prosjekt og historier om korleis det er å bu og jobbe i Distrikts-Vestland.
Tidspunkt: 10.00 - 14.30
Stad: R1, Realfagsbygget, Gløshaugen
Det er ikkje nødvendig med påmelding til karrieremessa på dagtid, med mindre du ønsker å gå på eitt av seminara til bedriftene. Meir informasjon om dette kjem.
Frå kl. 16.30 inviterer vi til etterfest på Bror bar med mingling, mat og underhaldning. Programstart kl. 17.00:
BAdesKen gir oss eit skråblikk på rekruttering i distriktet og du får høyre interessante innlegg om kva som røyrer seg hos bedriftene som er med.
Påmelding til bedriftspresentasjonar og etterfest opnar 22. februar.
Alt er gratis for studentar.
Vi sjåast!

Klar for ei utfordring? Bli betre kjent med Framtidsfylket og næringslivet i Vestland samtidig som du konkurrerer om feite premiar! Her kan du blant anna vinne festivalpass til Malakoff, unike overnattingar i Vestland, isbrevandring og meir.