Bedriftstand karrieremesse

Bli med på Vestlandet sitt viktigaste treffpunkt mellom arbeidsgivar og arbeidssøkar 💚 Sikre deg standplass på Framtidsfylket sine karrieremesser i 2023.


✅ Trondheim 1. mars

Karrieremesse mingling

Trondheim 1. mars:

Tid og stad: 10.00 15.00, Gløshaugen campus

Prisar:
Ein stand: 10 000 kr for medlem / 15 000 kr ikkje medlem

Bedriftspresentasjon
Vi tilbyr tre tidspunkt for bedriftspresentasjonar på Gløshaugen. Dette blir kl. 10:00 – 11.00, Kl. 12:00 – 13:00 og kl. 14:00 – 15:00. Vi har plass til tre presentasjonar kvar time på 15 minutt kvar.
Framtidsfylket vil fordele plassar og tidspunkt når vi veit kven og kor mange som ønskjer å ha presentasjon.
Pris: 2000 kr.

Kveldsarrangement
Mingling, pitching og mat på ein sosial stad i sentrum. Underhaldning med BAdesKen. Inviter dine jobbkandidatar og gje litt av bedriftskulturen i ei uformell setting.
Bedriftene betalar 800 kr per deltakar. Jobbkandidaten er gratis. Åpen påmelding for studentar.

Påmelding Trondheim

På Framtidsfylket karrieremesse får du som bedrift:

  • Møte hundrevis av besøkande med interesse for Distrikt-Vestland
  • Nettverke med bedrifter frå Sogn og Fjordane og Hardanger.
  • Møte unge på jobbjakt
  • Profilere Distrikt-Vestland som ein attraktiv plass å bu og jobbe