Trainee 2023/24

Har du lyst til å gjere ein større forskjell frå ein mindre stad?
50 nye traineestillingar ventar på deg i Vestland. For å søke må du vere nyutdanna eller vore maks tre år i arbeid etter utdanning.

Oppstart er hausten 2023.


Trainee i Vestland
Traineeprogram

Eit unikt år ventar

Å vere trainee i Vestland er mykje meir enn arbeidserfaring. Ei traineestilling byr på utfordrande arbeidsoppgåver, personleg utvikling og nye nettverk, men også ein mjukare overgang til arbeidslivet. Det betyr at samtidig som du lærer noko nytt, har du eit sikkerheitsnett i form av eigen mentor, andre traineear og støtte i traineeprogrammet. Lyst på eit unikt år i Vestland?